fosna kulturverkstad
FORLAGET
Fosna kulturverkstad er eit einmannsforetak som driv forlagsverksemd og er registrert som forlag i Nasjonalbiblioteket med ISBN forlagsnr. 978-82-99948. Eg produserer bøker frå tekst og foto til ferdig trykt og innbunde produkt. Sjå menyen <Forlaget> oppe til høgre. Brosjyrer, foldarar og plakatar kan produserast digitalt i mindre opplag, eller trykkast i større opplag. Dette høver godt for mindre firma og organisasjonar.
Boka "Hendt og hender i Tingvoll" vart utgjeve for første gongen i 2008 og har vore publisert kvart år til 2016. Les meir under linken på menyen til høgre.
Boka "Slaget i Gratangsbotn 25. april 1940" er ei bok på 56 sider og er eit utvida og redigert særtrykk av artikkel i "Hendt og hender i Tingvoll 2015". Boka dokumenterer kva som skjedde 25. april 1940 i bygda Gratangsbotn i Troms, fortalt særskilt gjennom historiene til unggutar frå Tingvoll, men også gjennom soldatar og befal frå Trøndelag og Nordmøre elles.
KULTURFORMIDLING
Fosna kulturverkstad tilbyr ulike kulturinnslag, frå kåseri om historiske tema til forestillingar med nordmørsk folkemusikk og historie. Sjå meir under <Kulturformidling>.
DIGITALISERING AV LYDOPPTAK
Fosna kulturverkstad digitaliserer også lydopptak frå mange ulike medium, som ulike spole- og kasettband, diktafon, grammafonplater, minidisk etc.
Det digitale produktet kan leverast på CD eller anna medium, som f.eks. minnepenn eller brikke, eller overførast som digitale filer.
NETTBUTIKKEN
Kjøp boka "Slaget i Gratangsbotn 25. april 1940" i nettbutikken, hos bokhandlarar på Nordmøre, Narvik krigsmuseum, Troms Forsvarsmuseum, Bardu og på nettbutikkane til dei fleste forlaga.
Alle dei utgjevne årgangane av "Hendt og Hender i Tingvoll" kan kjøpast i nettbutikken, direkte frå meg eller hos Mari på Midtstua, Aspøya fjordsenter, 6670 Øydegard.
Helge Husby