forlaget
Fosna kulturverkstad utformar og produserer bøker etter oppdragsgjevar sine ønskje. Det blir først laga fleire utkast til layout, som oppdragsgjevar får velge blant før sjølve boka blir sett opp. Oppdragsgjevar leverer tekst i Word-format og bilete og illustrasjonar i papirformat (eller digitialt). Det blir brukt tre korrekturrundar, der oppdragsgjevar til slutt godkjenner dokumentet før trykking.
Bokhandlarar kan bestille alle bøker ved å ta direkte kontakt med Fosna kulturverkstad. Frå dei store bokkjedene foregår bestillingane elektronisk.
Forlaget er knytt opp til den nasjonale Bokbasen.
Brosjyrer, foldarar og plakatar kan utformast og produserast digitalt i mindre opplag, eller trykkast i større format og opplag. Produksjon av hefte og mindre bøker, som t.d. slektsbøker og lokalhistoriske skrift kan egne seg for digital produksjon, (ikkje offsettrykk). Sjå eksempel på bøker under: