kulturformidling

FOREDRAG OG KÅSERI
Helge Husby held kåseri om ulike tema som kan passe i grendahus, bygdetun, museum o.l. Eit mykje etterspurt foredrag er Slaget i Gratangen 25. april 1940, der rundt 250 unge gutar frå Nordmøre vart kast inn i krigen mot det tyske krigsmaskineriet.

Tor Erik Jenstad og Helge Husby har forestillinga "Dialekter i språk og musikk", der vi knyter dialektene til gamle administrative inndelingar og folkemusikken. Om det er ønskjeleg, kan vi også innom dei reisande, taterane sin kultur i språk og musikk.

SONG OG SPEL
Helge Husby presenterer slåttar, nordmørsk spelmannshistorie og frisk fortellarkultur sammen med Tor Erik Jenstad. Passar for historielagskveldar, bygdemuseum, grendalag. Kan tilpassast den lokale historia på staden, eller kan speast på med anna kulturhistorie.
Ta kontakt, så finn vi ut eitt eller anna i lag!