«SLAGET I GRATANGEN 25. APRIL 1940»

OM BOKA
Boka «Slaget i Gratangen 25. april 1940» på 279 sider tek for seg historia til dei unge gutane frå Nordmøre og Trøndelag som vart sendt på nøytralitetsvakt i Finnmark i januar1940 og hamna i krigen i Gratangen i Troms. Slaget er rekna som den verste enkelttrefninga på norsk landjord under andre verdenskrigen. I alt fall 34 soldatar, over 60 vart såra og 178 var registrert tekne til fange av tyskerane.
Helge Husby har skreve ei omfattande bok opplevingane frå avreise i Trondheim, opphaldet ved finskegrensa i Finnmark og detaljert om krigshandlingane i bygda Gratangsbotn.
Boka er på 279 sider med i alt 315 unike foto og illustrasjonar og er oppsett og produsert av forfattaren, med omslagsakvarell av sambygdingen Morten Walseth Gjul.

BOKSALG
Kjøp boka «Slaget i Gratangsbotn 25. april 1940» i nettbutikken med link øvst til høgre, ARK bokhandel, Norli i Midt-Norge og Tromsø, Narvik krigsmuseum m.fl., eller ta direkte kontakt på e-post eller telefon, som står nedst på hovedsida.
Korporal Johan Asphjell frå Fannrem sine unike memoarar frå nøytralitetsvakta, krigen i Gratangen og kamphandlingane i Narvikfjella fram til kapitulasjonen er også til salgs i nettbutikken.

FOREDRAG OM NØYTRALITETSVAKTA OG SLAGET I GRATANGEN
Helge Husby held foredrag for historielag, forsvarsforeningar og andre. Så langt har det vore mange foredrag på Nordmøre, nokre i Trøndelag og i Troms og Finnmark. I foredrag med PowerPoint-presentasjon av foto og kart blir foredraga tilpassa kvar stad, med personellister med henvisning til soldatar frå staden. Ta kontakt på telefon eller e-post som står på hovedsida.

BUSSTUR TIL GRATANGEN 4.-11. AUGUST 2023
Mange har etterspurt guida tur til Gratangen. I august blir det busstur nordover, der Helge Husby med innleigde lokale folk går gjennom heile historia. For den som ønskjer, og er vant med turgåing, blir det guida tur i Trønderbataljonen sine «skispor» over Fjordbotneidet. Den andre delen av reisefølget vil få foredrag ved lokalhistoriker Sverre Nordmo på båtmuseet i Gratangen. Programmet i Gratangen blir på to heile dagar, i tillegg til kveldsforedrag ved Helge Husby og foredrag ved krigshistoriker og major Jan P. Pettersen på Narvik krigsmuseum på turen sørover.

Les programmet for turen og påmeldingsinfo her!