Fosna kulturverkstad driv eige forlag med grafisk produksjon av bøker og andre trykksaker
og tilbyr tenester og produkt innan formidling av folkemusikk og lokalkultur, digitalisering av gamle lydopptak

Telefon: +47 917 09 526 - Org.nr. 986 191 844 - ISBN forlagsnr. 978-82-99948 - E-post: helge@fosnakultur.no - www.fosnakultur.no 


HOVEDSIDA

Velkomne til Fosna kulturverkstad sine nettsider. Nordmøre er fosnakulturens kjerneområde og vart oppdaga i Bremsnes  - no Kristiansund - i 1909. Dei arkeologiske funna viser at nordmøringen er av dei aller første menneska som slo seg ned i dette landet. Den grunnleggande identiteten og tilhørigheita til kulturen er basisen i produkta og tenestene som Fosna kulturverkstad tilbyr.


Fosna kulturverkstad driv forlagsverksemd og er registrert som forlag i Nasjonalbiblioteket med ISBN forlagsnr. 978-82-99948 og produserer bøker - frå tekst til ferdig trykt og innbunde produkt. Alle bøker blir trykte og innbunde i Norge. Sjå eksempel til venstre, boka "Slaget i Gratangsbotn - 25. april 1940".

Brosjyrer, foldarar og plakatar kan produserast digitalt i mindre opplag, eller trykkast i større opplag. Dette høver godt for mindre firma og organisasjonar. Sjå meir under Forlag.


Fosna kulturverkstad digitaliserer gamle spole- og kassettband for overføring til t.d. CD.
Kan digitaliserer alle kjente format.


Fosna kulturverkstad tilbyr ulike kulturinnslag, frå kåseri om historiske tema til konsertar med ulike sammensetningar.


Boka Hendt og hender i Tingvoll vart utgjeve for første gongen i 2008 og har vore publisert kvart år. Les meir under linken på menyen til venstre.


"Slaget i Gratangsbotn 25. april 1940". Dette er ei bok på 56 sider og er eit utvida og redigert særtrykk av artikkel i "Hendt og hender i Tingvoll 2015". Boka dokumenterer kva som skjedde 25. april 1940 i bygda Gratangsbotn, fortalt særskilt gjennom historiene til unggutar frå Tingvoll, men også soldatar og befal frå Trøndelag og Nordmøre elles.

Kjøp boka i nettbutikken, meny til venstre, eller på Bunnpris Aspøya, Coop Prix Tingvoll, Handverkslaget, Batnfjordsøra, Notabene Sunndal, Notabene Surnadal, ARK Amfi Narvik, Narvik krigsmuseum, Forsvarsmuseet, Bardu og på www.haugenbok.no