Fosna kulturverkstad driv eige forlag med grafisk produksjon av bøker og andre trykksaker
og tilbyr tenester og produkt innan formidling av folkemusikk og lokalkultur, digitalisering av gamle lydopptak

Telefon: +47 917 09 526 - Org.nr. 986 191 844 - ISBN forlagsnr. 978-82-99948 - E-post: helge@fosnakultur.no - www.fosnakultur.no 


NETTBUTIKKEN

HENDT OG HENDER I TINGVOLL 2016

Hendt og hender i Tingvoll 2016 inneheld m.a. artiklar om lokal deltaking i den amerikanske borgarkrigen, bjønnahistorier, utflytting til Sunnmøre, bondelagshistorie, menneskeskjebner på både sol- og skuggesida, lokale stadnamn og krigsminne. Boka er på 112 sider.

SLAGET I GRATANGSBOTN 24. APRIL 1940

Den 25. april i 2015 var det 75 år sia dei rundt 745 ungdommane frå Nordmøre og Trøndelag slost med den tyske krigsmakta i Gratangen i Troms. Historia har vore fortia. Dei som var med, snakka veldig lite om det som skjedde. Somme følte «skuld» for at dei sjølve levde - og andre døydde. Det var dei som kjente på at dei måtte overgje seg til tyskerane for å berge livet - og ikkje kjempe vidare for Norge. Og andre kunne bebreide seg sjølve for at dei ikkje greidde å stå i kampen, men kom seg unna - og dermed berga livet. Avisene hadde overskrifter som «Guttene blev overrumplet om natten og hadde ingen chanse» - «Trønderbataljonen tatt på sengen» osv. Dette kom oppå kjenslene dei strevde med frå før. Denne historia er først og fremst fortalt gjennom dei 37 frå Tingvoll kommune som deltok, men også dagbøker til soldatar frå fleire stader på Nordmøre og Trøndelag er lagt til grunn. Boka er på 56 sider.

Kr. 260,00 + porto (under 350 g)

Kjøp Hendt og hender i Tingvoll 2015

Kr. 200,00 + porto (under 350 g)

Kjøp boka Slaget i Gratangsbotn 1940