Fosna kulturverkstad driv eige forlag med grafisk produksjon av bøker og andre trykksaker
og tilbyr tenester og produkt innan formidling av folkemusikk og lokalkultur, digitalisering av gamle lydopptak

Telefon: +47 917 09 526 - Org.nr. 986 191 844 - ISBN forlagsnr. 978-82-99948 - E-post: helge@fosnakultur.no - www.fosnakultur.no


KULTURFORMIDLING

FOTOKVELDAR
Framvisning av gamle bilete på skjerm. Passar for grendakveldar, årsmøte eller andre sammenkomster.

FOREDRAG OG KÅSERI
Helge Husby held foredrag om ulike tema som kan passe i grendahus, bygdetun, museum o.l. I den seinare tida har foredrag om kva som skjedde med dei som vart kalla til krigen i Gratangen i 1940 vore etterspurt. Ta kontakt for å finne tema for eit foredrag.

SONG OG SPEL
Prestentasjon av slåttar og nordmørsk spelmannshistorie med Gro Kjelleberg Solli, song, zither, fløyte, tangent, Tor Erik Jenstad, trekkspel, Peder Hønsvik, trekkspel, Rolf Holte, gitar, kontrabass, fele og meg sjølv, Helge Husby, fele, hardingfele og song.

HALTVIKFORESTILLING
Ein presentasjon av spelmannen Harald Haltvik (1889-1984) frå Angvika gjennom musikk, framsyning av gamle foto, avspeling av originalopptak av spelmannen og fortelling. Dette er ei presentasjonsform som fenger publikum.
Les Tidens Kravs omtale.

Presentasjonen tek omkring 1 t 15 min. Dette kan tilpassast, om ein vil. Speling til dans etter forestillinga kan avtalast.

For større arrangement har Nordmøre spelmannslag eit kulturprogram på omkring ein time.

PRESENTASJONEN OG KONSERTEN "EIT KULTURFOLK PÅ VANDRING"
Laila Marie Yrvum har i fleire år formidla dei reisande sin musikktradisjon, og ho har halde mange konsertar kring i landet. Ho har m.a. gjeve ut CD-en GIA og SE MIN ILD, der dei reisande sine viser og slåttar blir presentert på ein mest muleg opphaveleg måte, og ho har gjeve ut viseboka "Viser på vandring" sammen med Lasse Johansen. Det er stor interesse for dei reisande sin kultur og historie - ei historie som har mange mørke kapittel - men som òg fylt med glede og gode minne. Det er ikkje minst dette siste som opptek Laila Marie Yrvum.
Laila Marie Yrvum fortel gjennom konserten om dei reisande sin kultur frå sin bakgrunn i romanifolket, og vi får høre viser på taterane sitt eige språk, romani. Ho syng og spelar gitar, i samspel med andre. Programmet tek omkring ein time, men kan utvidast, etter avtale.Dette er ein presentasjon som høver godt for historielagskveldar, museum og andre høve.
Såleis kan ein slik presentasjon vere i samband med ein temakveld om dei reisande, med t.d. utstilling av gjenstandar.