Fosna kulturverkstad driv eige forlag med grafisk produksjon av bøker og andre trykksaker
og tilbyr tenester og produkt innan formidling av folkemusikk og lokalkultur, digitalisering av gamle lydopptak

Telefon: +47 917 09 526 - Org.nr. 986 191 844 - ISBN forlagsnr. 978-82-99948 - E-post: helge@fosnakultur.no - www.fosnakultur.no


FORLAGET - GRAFISK UTFORMING - BOKPRODUKSJON

Fosna kulturverkstad utformar og produserer bøker etter oppdragsgjevar sine ønskje. Det blir først laga fleire utkast til layout, som oppdragsgjevar får velge blant før sjølve boka blir sett opp. Oppdragsgjevar leverer tekst i Word-format og bilete og illustrasjonar i papirformat (eller digitialt). Det blir brukt tre korrekturrundar, der oppdragsgjevar til slutt godkjenner dokumentet før trykking. Bøkene blir alltid trykt og innbunde her i Norge, noko som sikrar god kontroll i prosessen og sikrar høg kvalitet på resultatet. Bokhandlarar kan bestille alle bøker ved å ta kontakt med Fosna kulturverkstad. Forlaget er registrert i Bokbasen AS: http://www.boknett.no

Brosjyrer, foldarar og plakatar kan utformast og produserast digitalt i mindre opplag, eller trykkast i større format og opplag. Produksjon av hefte og mindre bøker, som t.d. slektsbøker og lokalhistoriske skrift kan egne seg for digital produksjon, (ikkje trykk). Sjå eksempel på bøker og plakatar under:

Trykte bøker med hardomslag eller mjukbind:

            

Digital produksjon for begrensa opplag og eksempel på plakatar i ulike størrelsar:

              

Eksempel på trebretta foldar - digital produksjon for lite opplag eller trykk for større opplag: